Olav Vik dagen Skriv ut
Skrive av Gisle Sellevold   
torsdag 05. juni 2014 09:04

OLAV VIK DAGEN! Sundag 17. august

På styremøte 4. juni vart det vedteke at Olav Vik-stiftelsen skal skipa til Olav Vik dagen. Tanken er å skapa blest om Olav Vik og hans livsverk på Osnes, og å gje alle ein kjempeflott dag. Her er det uteljande mogelegheiter. Mange lag og organisasjonar brukar Olav Vik sitt området flittig. Her er det fint for barnehagane, bading, grilling og ikkje minst turgåing i ro og fred. "Soli Deo Gloria" har Olav Vik skrive på eine portsteinen. Det er latin og tyder Gud åleine æra. Olav Vik meinte sannsynlegvis at her kunne ein søka fred og ro å filosofera over livet. 

Olav Vik og hans livsverk
I åra etter at Olav Vik døydde (1990) vart det skipa til Olav Vik-dag i biblioteket på samfunnshuset i Etne. Då var hovudfokuset på liv og diktning.
Dette vil vera med i den nye satsinga og, men utgangspunktet vil vera garden og livsverket hans på Osnes. 

Offisiell opning av den flotte grillpaviljongen
Kåre Rafdal har bygd ein flott grillpaviljong. Styret driv no på og beisar denne ferdig. Fin grå naturfarge. Det vil og koma torv på taket til opninga 17. august. 

"Olav Vik-løpet"
For å få stor breidde på tilskipinga, vedtok styret å satsa på eit terrengløp på Olav Vik-dagen. Me har fått storløpar ERIK RULLESTAD til å bidra til å stikka ut løypa. Førebels har me tenkt at ein kan ha tilbod om éi til to/tre rundar. Start og mål vert ved grillpaviljongen. 

Kunstnardiplom: Alle løparane vil få fin diplom med eit dikt av Olav Vik på. Denne tenkte me skulle vera starten på ein samleserie ein kan ha på veggen.
I tillegg vert det premiar til dei tre raskaste og trekkjepremiar.
Startkontingent kr 50,-

Natursti og grilling for heile slekta
Natursti og grilling ligg det godt til rette for på Osnes.  Det vil styret prøva å få til i samarbeid med andre lag i bygda.

Altså - gjer deg klar for OLAV VIK-dagen, storhending på Olav Vik-stiftelsen sundag 17. august.

Sist oppdatert måndag 14. juli 2014 10:56