Osnes
Olav Vik sitt rike PDF Skriv ut E-post
Skrive av Stiftinga   
søndag 16. januar 2011 22:02

Samson og Anna Vik dreiv tradisjonelt jordbruk med kyr og sauer. Som attåtnæring kjøpte Samson bandstakar kringom i bygda, og i naustet (på b.nr.16) smidde han dei til tønneband, som han selde til bøkkerane i distriktet.Her på heimegarden finn me stovehuset der Olav Vik budde, eit eldhus og eit mindre uthus. Den gamle driftsbygningen vart diverre i så dårleg stand at den måtte rivast. I andre høgda på naustet er det innreidd fritidsbustad.

I 1947 kjøpte Olav Vik b.nr. 7. Denne naboeigedommen som han kalla Vikhall, var tidlegare eit vanlig gardsbruk. Med tilsskot frå fiske, industriarbeid og anna gav det utkome for ein familie. I tillegg til det eldre stovehuset( Heggelundshuset), er det også her eldhus, driftsbygnig og naust. Her er også eit anna bustadhus, kalla Lillyhuset.

Friluftsområdet består ab bruka 6 og 7 som ligg samla ytst på Osnes. I jordskiftet fekk kvart av dei to bruka ein utmarksteig.Eine teigen går frå Honsvik og heilt opp til Borgaråsen.Av det samla arealet på 214 da er 48 da tidlegare dyrka.

I skiftelina mellom bruka 6 og 7 har stiftelsen fått laga til ein romsleg parkeringsplass. På ein jordfast stein nett nedanfor P-plassen fekk Olav Vik sett opp ein skulptur i bronse av "Mor og dotter", med denne innskrifta:" Det liv som gror or draumen  - får sjølv ein draum ein gong" . er utført av kunstnaren Arne Mæland. Ved avdukinga i 1989 vart også diktsamlinga med same tittel utgjeven.

Nett nedanfor bronseskulpturen har Olav Vik reist to mektige portstolpar av stein med desse latinske innskriftene: " SOLI DEO GLORIA" = GUD ÅLEINE ÆRA. På eine sida av steinen har Olav vik også rissa inn "Fagert er landet" med nasjonalfargane. Likeeins årstalet 1973. Teksten på den andre portstolpen er " ORA ET LABORA" = BE OG ARBEID. Like nedanfor inngangsporten til "Vikhall" ligg steinrøysa som Olav Vik la opp, då han dyrka jorda her. Stiftelsen har freda denne røysa. Vegen vidare fører til det gamle tunet på Brakanes. Ein ny sti som tek av til venstre - rullestien- fører til Lambanes.

Sist oppdatert måndag 06. januar 2014 13:44
 
Osnes PDF Skriv ut E-post
Skrive av OVS   
søndag 16. januar 2011 21:17

Friluftsområdet Osnes ligg ytst på ei halvøy mellom Etnefjorden (Etnepollen) og ein sidearm til Etnefjorden som er kalla Osvågen. På andre sida av fjordarmen ligg Sørstranda. På Osnes møter du ein frodig natur med mange ulike og sjeldne treslag, for det meste bartre. Her er fredfullt og stille, og naturen kan opplevast på kvileplassar og vandring på stiar og vegar. Langs den 1600 meter lange strandlina kan du bada og fiska.

Osnes ligg omlag 3 km frå Etne sentrum. Frå Europaveg 134 tar ein av ved bygdemuseet Sæbøetunet, og kjøyrer vidare på bygdevegen 2,5 km før Etnesjøen. Vegen rundt Osnes mellom Sæbøetunet og Matskår er 4,5 km.

Friluftsområdet på Osnes, g.br. 14 i Etne, er ei testamentarisk gåve frå Olav Vik (1910-1990), som budde på Osnes. Han testamenterte eigedomane sine her til ein stiftelse. Etter at Olav Vik døydde 24.mars 1990 overtok OLAV VIK STIFTELSEN dette unike friluftsområdet.

Etter ynskje frå Olav Vik hadde Etne kommune tidlegare regulert eigedomen hans på Osnes til friluftsområde, som omfattar to tidlegare gardsbruk og eit tomtebruk.

Bruksnr. 6 er familieeigedommen som foreldra til Olav Vik kjøpte i 1906. Samson Bårdsson Vik (1875-1957) frå Fjellberg og Anna Olsdotter Espe (1877-1972) frå Ullensvang gifte seg i 1906 og flytte hit same året. Dei fekk 5 born:

a. Ingvald Martin Vik f.1907, g.m. Agnes Børve. Fotograf i Etne til 1954 då han vart kinomaskinist i Haugesund.

b. OLAV BERNER (1910-1990)

c. Borghild Gurine f.1912, g.m. Karl Udstuen, gardbrukar på Ve i Etne.

d. Sigurd Andreas f. 1915, g.m. Dagmar Ermesjø. Lærar og instruktør på fleire jordbruksskular.Bur i Asker.

e. Haldor Martin (1918-1993), g.m. Sissel Langerud. Fotograf på Lofthus.

Olav Vik-huset

 

 

 

 

 

Sist oppdatert måndag 06. januar 2014 13:48
 


RocketTheme Joomla Templates