Dikt og prologar
Berrføtt i graset PDF Skriv ut E-post
Skrive av Gisle Sellevold   
torsdag 30. juni 2011 21:04

”Berrføtt i graset”

av Grethe Hopland Ravn

 

Litt gøymt bakom krokete vegar og langs med ein trakka sti

Der vers etter vers oss fyljer, på veg mot naturgalleri

Der stilla kan vera mektig, ein vakker og varm sommarsdag

Med lukter og inntrykk andektig for sansane gjev behag


Der kan me trø berrføtt i graset, der kan me nyta natur

Og stilt lesa versa på stolpar, eit og eit etter tur

Ein diktar har skrive kjensler, som handlar om kjærleik og svik

Om håp og draumar og kvardag, og diktaren er Olav Vik


Han har sikkert også stega, berrføtt i graset og tenkt

På kvardagar, sorger og gleder, mens sola har glitra og blenkt

Han har sikkert lengta og venta, på dagar som aldri kom

Berrføtt i graset, åleine – på sin store eigedom


Olav Vik var nok ikkje ofte, berrføtt i graset trur eg

For hjarta og sjela den hamra for andre ting, retteleg

Han elska å sjå det bløma! Sjå nye vekstar slå rot!

Millionen av gran han planta, utan snev av mismot


Sjølv om han kunne trylla, med flora, buskar og tre

og haustane gav både plommer, pære og eple med

Så banka nok hjarta oftast, for Orda som kom i hans hug

Ord som gav næring til lengta, ei lengt som gav sakn og sug


Mange somrar fekk komma, fleire vintrar som gjekk

Lengta og saknet i hjarta, fekk berre liv gjennom blekk

Ingen veit kor han sukka, over sine tronge kår

Ingen veit kor han græt, for sin ungdoms tapte vår


I åtti år fekk han leva, men så vart det kveld ôg for han

Me som får lesa hans tankar, forstår det var Orda som brann

Orda gav næring til livet, Orda gav næring til savn

Då han forlot denne verda, var han framleis ein einsam ravn


Livsarva sto tilbake, då Nordavinden tok han med

til Himmalaya for å kjenne lukta av roser – og ta avskjed

Naturperla som han kalla, sin gotiske katedral

Med kneisande høge grantre, med blomar og busk – eit kunstareal


Livsarva står tilbake, den kan han ikkje ta med

Bygningar, uthus og nôver – knausar og stablar med ved

Strender som duppar i fjorden, skogar med busk og kratt

Enger med grønaste graset, vert også ståande att


Huset med seng og stolar, kjøken med koppar og kar

Utlesne bøker og skrifter, vitnar om spørsmål og svar

Staden han halla ”heime” – staden han sov kvar natt

Staden den gjev han til folket, bygda har fått ein skatt


Her trør me berrføtt i graset, her kan me gå einkvar

Sjå ungane springa og leika, frå dagen gryr heilt til soleglar

Her kan me få nyte stilla, ein vakker midsommarskveld

Eller vassa langs stranda ein morgon, på jakt etter krabbe og skjell


Takksam så trør eg i graset, berrføtt eg trør på din sti

Fuglane kvitrar i saman, og nyt sitt naturgalleri

Takksam så les eg langs vegen, versa du ein gong skreiv

Takk for at Orda du brann for, ikkje vart noko du heiv


Takk for at du vil dele, Ord og natur så rik

Takk for den skatt me arva, du kjære Olav Vik

Takk for at me kan vandre, på bøar og berg og veg

Få nyta den skatt me arva, ei hjarteleg TAKK til deg.

-Grethe Hopland Ravn-

Sist oppdatert måndag 02. juni 2014 21:14
 


RocketTheme Joomla Templates