Skrivemaskin PDF Skriv ut E-post
Skrive av Gisle Sellevold   
fredag 27. februar 2015 17:24

Stova til Olav Vik med skrivemaskinen hans.

 

 

Sist oppdatert fredag 27. februar 2015 18:35
 
Olav Vik dagen PDF Skriv ut E-post
Skrive av Gisle Sellevold   
torsdag 05. juni 2014 09:04

OLAV VIK DAGEN! Sundag 17. august

På styremøte 4. juni vart det vedteke at Olav Vik-stiftelsen skal skipa til Olav Vik dagen. Tanken er å skapa blest om Olav Vik og hans livsverk på Osnes, og å gje alle ein kjempeflott dag. Her er det uteljande mogelegheiter. Mange lag og organisasjonar brukar Olav Vik sitt området flittig. Her er det fint for barnehagane, bading, grilling og ikkje minst turgåing i ro og fred. "Soli Deo Gloria" har Olav Vik skrive på eine portsteinen. Det er latin og tyder Gud åleine æra. Olav Vik meinte sannsynlegvis at her kunne ein søka fred og ro å filosofera over livet. 

Olav Vik og hans livsverk
I åra etter at Olav Vik døydde (1990) vart det skipa til Olav Vik-dag i biblioteket på samfunnshuset i Etne. Då var hovudfokuset på liv og diktning.
Dette vil vera med i den nye satsinga og, men utgangspunktet vil vera garden og livsverket hans på Osnes. 

Offisiell opning av den flotte grillpaviljongen
Kåre Rafdal har bygd ein flott grillpaviljong. Styret driv no på og beisar denne ferdig. Fin grå naturfarge. Det vil og koma torv på taket til opninga 17. august. 

"Olav Vik-løpet"
For å få stor breidde på tilskipinga, vedtok styret å satsa på eit terrengløp på Olav Vik-dagen. Me har fått storløpar ERIK RULLESTAD til å bidra til å stikka ut løypa. Førebels har me tenkt at ein kan ha tilbod om éi til to/tre rundar. Start og mål vert ved grillpaviljongen. 

Kunstnardiplom: Alle løparane vil få fin diplom med eit dikt av Olav Vik på. Denne tenkte me skulle vera starten på ein samleserie ein kan ha på veggen.
I tillegg vert det premiar til dei tre raskaste og trekkjepremiar.
Startkontingent kr 50,-

Natursti og grilling for heile slekta
Natursti og grilling ligg det godt til rette for på Osnes.  Det vil styret prøva å få til i samarbeid med andre lag i bygda.

Altså - gjer deg klar for OLAV VIK-dagen, storhending på Olav Vik-stiftelsen sundag 17. august.

Sist oppdatert måndag 14. juli 2014 10:56
 
Dugnad 2. juni 2014 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Gisle Sellevold   
måndag 02. juni 2014 20:59

Den flotte, nye grillpaviljongen Kåre Rafdal har bygd, er beisa utanpå. I tillegg held styret på å beisa inni. Det vert sannsynlegvis ferdig på ny dugnad onsdag 4. juni. 

Skråninga ned mot paviljongen vart reinsa for stein av eit fulltallig styre, dei som ikkje beisa.  
Og til sist skal det fullførast med torv på taket. Dette vert verkeleg fint!

Mange brukar naturperla
Og i dag måndag 2. juni 2014, var det i tillegg folksomt med barnehage-ungar og foreldre. Det var særs triveleg!
Ei naturperle som ikkje vert nytta, er ikkje bra. Olav Vik sitt kjære Osnes vert mykje brukt - slik skal det vera.

På onsdag 4/6 er det styremøte i stiftelsen.
Der kan det koma eit spennande vedtak. Følg med, følg med.

Einar Gisle Sellevold

Sist oppdatert tysdag 03. juni 2014 17:12
 
Brit Heggen Mæland attvald PDF Skriv ut E-post
Skrive av Gisle Sellevold   
tysdag 13. mai 2014 19:03

Brit Heggen Mæland attvald som leiar i Olav Vik-stiftelsen

På møte 13. mai 2014 vart samtlege attvald. Det vart lagt fram rekneskap som vart samrøystes godkjend. Likeeins var det ein fin og informativ årsmelding som vart lagt fram.  Berre positive merknader.

Det kom fram utruleg mange idear til vidare arbeid framover. 

Men mykje er alt gjort. 

Ny paviljong er bygd. Vidare er det bygd ei fin grillhytte. Der vert det ferdigstillings-dugnad i byrjinga av juni. Styret har fått tak i dugnadsfolk til denne jobben; men det vert høve til allmenn dugnad seinare.

Einar Gisle Sellevold
Nettredaktør

Sist oppdatert søndag 18. mai 2014 16:46
 

Velkomen til Olav Vik Stiftelsen sin nye nettstad. Nettsida er under oppbyggjing.

 

 

Annonsørar





RocketTheme Joomla Templates